Forvaltningsrevisjon

Kommunane skal etter revisjonsforskrifta også gjennomføre forvaltningsrevisjon. Forvaltningsrevisjon inneber å gjennomføre systematiske vurderingar av økonomi, produktivitet, måloppnåing og verknader ut frå kommunestyret eller fylkestinget sine vedtak og føresetnader.

Revisjonen ser mellom anna på om ressursbruk og verkemiddel er effektive i forhold til dei mål som er satt på området, om ressursbruken er i samsvar med kommunestyret/fylkestinget sine føresetander og om regelverk blir etterlevd.

Målet med forvaltningsrevisjonen er å etterprøve korleis offentlege tiltak er satt i verk, og å sjå på kva slags verknader tiltaka har hatt. Forvaltningsrevisjon skal på denne måten bidra til ei betre og meir effektiv forvaltning.

Dei fleste eigarkommunane har no konkurranseutsett forvaltningsrevisjonen. Som ein konsekvens av dette har selskapet ingen forvaltningsrevisor, og utfører per i dag ikkje forvaltningsrevisjon.