Om SF Revisjon

Sogn og Fjordane Revisjon IKS vart etablert 1. januar 2005. Selskapet er sett saman av tidlegare Sogn revisjonsdistrikt og Fylkesrevisjonen i Sogn og Fjordane og har fem tilsette.

SF Revisjon IKS leverer kommunale revisjonstenester til Sogn og Fjordane fylkeskommune og til kommunane Årdal, Vik, Høyanger, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster.

Hovudkontoret ligg på Hermansverk i Leikanger kommune, i kontorfellesskap med sentraladministrasjonen i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Geografisk ligg Hermansverk på nordsida av Sognefjorden og midtvegs i den over 200 km lange fjorden. Det er om lag 2 mil køyretur til regionsenteret Sogndal.