Rekneskapsrevisjon

SF revisjon driv rekneskapsrevisjon av årsrekneskap for fylkeskommunen, 7 kommunar og for ei rekke kommunale foretak. Vår oppgåve er å kontrollere og stadfeste at rekneskapen ikkje inneheld vesentlege feil eller manglar.

Vi skal også sjå til at kommunen har etablert ein god intern kontroll, og at denne verkar som den skal. Dei lovpålagde oppgåvene ved rekneskapsrevisjon finn du meir om i forskrift for revisjonen av 15. juni 2004.