Selskapskontroll

Det skal førast kontroll med forvaltninga sine eigarinteresser i kommunalt og fylkeskommunalt eigde selskap. Selskapa kan vere organisert som AS, interkommunale selskap (IKS) eller liknande.

Målet med selskapskontroll er å vurdere om den som forvaltar kommunen eller fylkeskommunen sine eigarinteresser i selskapet, gjer dette i samsvar med kommunestyret/fylkestinget sine vedtak og føresetnader (eigarskapskontroll).

Eigarskapskontrollen kan utvidast til ein meir omfattande forvaltningsrevisjon.