Våre verdiar

SF Revisjon baserer drifta si på flg. verdiar:

Samfunnsansvarlege

Vi arbeider for deg som innbyggar i våre kommunar. Vi arbeider for at du skal få dei tenester du har rett til innafor dei rammer og retningslinjer som til ein kvar tid er gjeldande. Vårt mål er ikkje å tene pengar, men å vere ein viktig bidragsyter for å verne om fellesskapet og demokratiet vårt i distrikts Noreg.

Tillitsvekkande

Revisjon er tillit. Vi sel ikkje eit papir med nokre ord som kjem ein gong i året under nemninga “Revisjonsmelding”. Vårt arbeid er å gi deg tillit til din kommune. - tillit til at din kommune har gjort det han sa han skulle gjere, -tillit til at rekneskapen som kommunen legger fram er korrekt og gir eit riktig bilete av kommunen sin økonomiske situasjon. For å gi tillit må vi vere tillitsvekkande. Vi er tillitsvekkande gjennom vår autorisasjon og vår høge kompetanse om og nærleik til din kommune.

Uavhengige

Vi gjer kvart år ei formell eigenvurdering av vår uavhengighet i forhold til lovgivinga. Denne vert lagt fram for våre kontrollutval. I tillegg til våre formelle vurderingar gjer vi fortløpande vurderingar av om vi “faktisk” er uavhengige sett opp mot kvar einskild oppdragsgjevar. I våre vurderingar ser vi m.a. på vår økonomiske situasjon og personleg nærleik utover det som loven stiller krav om. Det vert med jamne mellomrom utført ekstern kvalitetskontroll av vårt arbeid som i tillegg til å sikre kvaliteten på vårt arbeid og bekreftar vår faktiske uavhengighet. Vår uavhengighet er regulert i Kommuneloven § 79 og Forskrift om revisjon i kommunar og fylkeskommunar § 13 og i samsvar med god kommunal revisjonsskikk.

Kundefokusert

Vi er profesjonelle i forhold til våre kundar. Våre kundar er i fokus og vi setter service, effektivitet og fleksibilitet høgt i vårt arbeid. Vi er solidariske og lojale mot våre kundar og skal vere tilgjengelege og til stede i all vår kommunikasjon med våre kundar. For å kunne levere best moglege tenester er det viktig at vi alltid er fagleg oppdatert, og vil arbeide for og alltid vere fagleg leiande innan kommunal revisjon i vårt fylke.